jurmy

Mil unna Førde

  • Publisert: 05.03.2017, 14:24
  • Kategori: Blogg
  • For øyeblikket sitter eg i frisørstolen. Ikkje heime, men faktisk i Slovakia:

    Du lurer kanskje på koffor eg er her... For å vere ærlig så starta det med en sprø idé i sommer og ca. et halvt år etter enda eg opp her. Grunnen er at søstra mi, Elaheh, bur her pga studium og ca 4 år etter sist, var det på høg tid og endelig komme for å bli kjent med folk. Litt sprøtt egentlig.... Plutselig er menneskene du tideligare berre hadde bilde og fortellinger av, blitt til fysiske personer som står framfor deg... det er då du innser at du er tja... ca 4 år for sein med denne turen.

    ...Anyways, hittil har vi:

    ...Vore i Wien i noken tima og deretter på verdens finaste UFO i Bratislava med utsikt over 2 forskjellige land og 7 retters middag! 😍

    ... på verdens finaste hotell og shopping

    ... og i kveld blir det lasertag og middag ute sammen med Elaheh & Co! Det gledes😀 Først må frisørstolen forlates (med et smil rundt munnen) noke eg trur kan ta sjukt langt tid. Altså dokke ser kor langt eg har komt siden eg starta blogginnlegget, hehe... MEN vi er positive! 😀😀

  • Publisert: 05.03.2017, 14:24
  • Kategori: Blogg
  • 0 kommentarer
  • jobb og framtid

  • Publisert: 25.02.2017, 20:18
  • Kategori: Blogg
  • DA var jobbvakta unna og den siste lørdagskvelden i ferien klar. Denne veka har seriøst løpt ifrå meg, og noke seier meg at dei kommande vekene, spesielt fram til sommerferien, kjem til å gå like fort. Hittil har ferien blitt brukt til å gjere en god del fornuftige ting, en god dose daffing med venner oooog ikkje minst, LANGE og late morninger. Seriøst, eg tipper at viss man legger sammen antall timer eg sover daglig så får man en livstid i resultat. Men det går fint, det er fint lite som er like digg som å våkne 300% utkvilt (eller altså, merker jo egentlig (om eg skal vere ærlig) at eg blir meir trøtt dess meir eg sover så når eg liksom våkner kl 13, så føles det egentlig som at eg aldri har sove... men det seier vi ikkje høgt!) Haha herregud, nok om det! Det var absolutt ikkje det innlegget skulle handle om. 

    heidu
    Meg og vakraste Trine Lise <3 Lenge må du leite for å finne ei like god og varm dame som ho her. For å sei det sånn, viss du drar innom oss, så går du ikkje ut utan å ha lagt merke til ho! Eller vent, du treng ikkje å dra innom engang, for latteren hører du tvers byen. 


     

    ... Apropo jobb og sjukt relaxing life; Eg har begynt å tenke på utdanning. Eller, når sant skal seiast så har eg tenkt på utdanning sidan eg var 8 år gamal, men plutselig har eg begynt å revurdere alle planane mine. For å vere heilt ærlig så går eg eigentlig rundt som eit sjukt forvirra menneske om dagane, noko som innebærer at eg skifter ønska bu stad kvar time. Herregud for et vanskelig valg som skal tas! Såå, planane for kvelden? Ingenting anna enn en flittig kveld som skal bli brukt til å bli klokare på framtida. Håper alle får en superfin lørdagskveld. Vi snakkes i morgon <3

     

  • Publisert: 25.02.2017, 20:18
  • Kategori: Blogg
  • 0 kommentarer
  • Admire it

  • Publisert: 28.01.2017, 15:56
  • Kategori: Blogg

  •            - admire someone else's beauty without questioning your own​

    Det er få ting eg synst er vakrare enn menneske som kan snakke positivt om andre. Ikkje at det i det heile tatt skal vere ein super stor greie, men det kan virke som at det for enkelte kan vere litt i overkant av vanskelig. Altså, ein blir jo ikkje nødvendigvis styggare av å sei at andre er fine, og folk vil forhåpentligvis ikkje like deg mindre om du seier at andre har ein råkul personlighet. Tvert imot. Litt komisk greie, eg veit... Men det har berre facinert meg. Veldig, og lenge. Difor blir eg skikkelig glad når eg møter folk som er glad på andre sine vegner... Spesielt når dei i utgangspunktet ikkje kjenner vedkomande, og det ikkje er snakk om kjendiser eller bestevenninna. Meir ho tilfeldige jenta som alltid går forbi deg, eller han som sitter på lesesalen kvar dag.  ​

    Currently sitter eg heime og kom nettopp heim frå flyplassen. Elaheh har reist og eg teller ned dager, minutt og sekund til neste gang. Innvendig har eg ein krig med meg sjølv om å enten gå for å lese litt historie, eller ikkje. Skal ærlig sei at eg såvidt har sett i boka, men likevel har eg ein skummel-god-ekkel følelse-ish på at det kjem til å gå... fint? Hater egentlig den følelsen for da blir eg berre sittande og stresse som pokker, utan å gjere noko med det. Nei... kanskje på tide å ende krigen og bygge ein framtid her.  Haha, vi snakkes <3

  • Publisert: 28.01.2017, 15:56
  • Kategori: Blogg
  • 1 kommentarer
  • with my bae

  • Publisert: 27.01.2017, 20:54
  • Kategori: Blogg
  • Hei igjen! 

    Wow, lenge sidan sist. Veit ikkje heilt kor eg skal starte... Det har skjedd så mykje?! Vell, vi får ta det litt etter litt. Kan starte med gårsdagen. Eg, mamma, pappa og Elaheh var ute å spiste, så bildene er frå då. Eg trivast så sjukt i familien sitt selskap, men kanskje mest av alle, i Elaheh sitt. Daaamn, dokke aner ikkje. Det har liksom alltid vore oss. Vi to. Berre eg og ho, og gjerne imot heile verda om det er det som skal til. Kjære søster, det knuser en del av meg at du drar tilbake til studier imorra. Det har det egentlig alltid gjort,  og det vil det alltid gjere når eg vinker farvell,  men det går fint. Avstand har aldri endra noko imellom oss, og deg kjem eg ikkje til å miste. Aldri. Du er dømt til å vere min søster uansett om du liker meg eller ikkje. Litt stakkars deg, men når eg tenker meg om så er eg dømt til å vere i samme sorte hull for evig tid, så blir litt usikker på kven det er mest synd i :-) 

    Heldige eller uheldige (sjølvsagt ekstremt heldige, med strek under og feit skrift) Elaheh skal faktisk få besøk no ganske snart. Planlegger nemlig å dra en tur til Slovakia i nærmaste framtid. Kan virkelig ikkje vente!! Ooog forresten, vi vurderer å lage videoblogger sammen. Hahaha, veit ikkje om eg skal le eller grine av tanken, men vi har faktisk filma ganske mykje i det siste... hmmm... kanskje!   








     

  • Publisert: 27.01.2017, 20:54
  • Kategori: Blogg
  • 0 kommentarer
  • Tenk å bli sett kvar dag

  • Publisert: 26.12.2016, 19:13
  • Kategori: Blogg
  • Tenk om det var jul kvar dag. Tenk om mennesker stilte opp like mykje for kvarandre kvar dag. Tenk om media kunne vore fylt av historier om kvardagshelter med ei hjelpande hand kvar dag. Tenk om mennesker var like opptatt av å sjå andre, gi og spre positiv energi kvar dag i året. Bjelleklang kunne eg og gjerne vore foruten, og ikkje minst stengte butikker, men sett bort ifrå det så er ditta med jul egentlig en veldig fin greie.

    Akkurat det med å sjå dei som en har rundt seg er virkelig noke eg brenner for. Periodevis så har egentlig ditta året gått ganske i berg-og-dalbane følelsesmessig, og eg har nærmast hatt mentale sammenbrudd (yeah, really!!) fordi eg blir så trist av tanken på kor mange ensomme, og ikkje minst, usynlig ensomme mennesker det finst blant oss, viss dokke skjønna? Det gjør egentlig skikkelig vondt, for alle er opptatt med sitt og ingen får egentlig med seg at dinna tida, eller dissa ungdomsåra aldri kjem tilbake, for noken av oss. Verken du eller meg, eller han anonyme som alltid berre er der. Så om man har muligheten til å redde ungdomsåra til et menneske, eller kvardagen til han som alltid sitter aleine på bussen, berre ved å opne seg og få dei til å føle seg sett, KOFFOR gjer vi ikkje det? Det kan virkelig vere SÅ lite som skal til, men likevel så er "så lite" såå mykje.

    Woaw, kjenner eg kunne skreve en bok no, ikkje at man skal sjå bort ifrå at eg en gang gjer det, men for denne gang så får dette holde :-) Ooog, forresten, seier på ingen måte at eg er en gud på ditta sjølv, tenker meir generelt. Både du og eg kan forbedre oss for å gjere hans og henna liv bedre! Kanskje vi skal starte et prosjekt, Jul 365? Et prosjekt som handler om å bli en kvardagshelt og sjå kvarandre? 

    Gleder meg forresten til eg har nye bilder å vise, hittil har det berre gått i arkivbilder. Dagen i dag gikk til å spille volleyballturnering og snart blir det jentekveld <3 

  • Publisert: 26.12.2016, 19:13
  • Kategori: Blogg
  • 0 kommentarer
  • hits